Det opplyser Norges Fotballforbund i ei pressemelding tysdag.

Klarsignalet blir gitt med utgangspunkt i dei gode erfaringane som er gjort med oppstart for trening i Eliteserien – samt etter innspel og ønskje frå ligaforeiningane og klubbane i både 1. divisjon og Toppserien.

– Det vil seia at klubbane i de nemnde ligaene vil kunne starta med fotballtrening tidlegast førstkomande måndag, 25. mai. Dette er sjølvsagt under føresetnad av at NFFs protokoll for trening blir følgt, seier generalsekretær i NFF Pål Bjerketvedt.

– Me opplever at klubbane er sterkt motiverte for å komma i gang neste veke og at det jobbast godt og konkret med å klargjera det som skal til for å kunne sparka i gang, tilføyer han.

Noko bestemt dato for kampoppstart er ikkje klar.

(©NTB)