E16 mellom Hagagrovi i Aurland og Hylland. Vegarbeid og manuell dirigering grunna tunnelarbeid. Arbeidet føregår mellom klokka 08.00 til 19.00. Det blir opptil femten minutt ventetid.

Fv. 5625 Voldadalane: Vegarbeid. Vegen er stengd mellom 08.00 og 17.00 alle vekedagar. Manuell dirigering. Gjennomkøyring kvar andre time frå klokka 10.

Fv. 5627 Neset: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07:00 og 17:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

Fv. 5627 Sjukestova – Kvam: Vegarbeid mellom 08:00 og 20:00 alle vekedagar. Vegen er stengd i periodar på to timar. Gjennomkøyring kvar andre time frå klokka 10.

Fv. 50 Vassbygdi- Vetlebotn i Aurland: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 08.00 og 16.00 onsdag, torsdag og fredag.

Vent på leiarbil. Utrykkingskøyretøy kan passera etter avtale med trafikkdirigentar.

Lærdal

E16 Lærdalstunnelen: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07.00 og 08.00 måndag, tysdag og onsdag. Torsdag skjer det mellom 07.00 og 14.00. Arbeidet skal vara fram til 1. juni.

E16 Seltatunnelen – Borgundstunnelen: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 11.00 og 20.00 måndag 22. mai. Tysdag, onsdag og torsdag skjer det mellom 07.00 og 19.00. Arbeidet skal vara til og med fredag 26. mai.

Rv. 5 Håbakken – Nedre Eri: Vegarbeid. Lysregulering heile døgnet.

Fv. 5630 Tønjum i Lærdal: Vegarbeid, gyldig mellom 07:00 og 19.00 torsdag og fredag. Det er manuell dirigering på grunn av asfaltering. Ventetid på opp til 30 minutt kan skje.

Sogndal

Rv. 5 Kaupangerskogen – Vekti i retning Lærdal: Vegarbeid.

Rv. 5 Bergstunnelen: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 09.00 og 20.00 måndag.

Rv. 5 Sogndalsdalen: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07.00 og 19.00 alle vekedagar. Her må du venta på leiarbil og det er inntil 15 minuttar venting. Arbeidet vert samkøyrt med arbeid i Frudalstunnelen.

Rv. 13 Bondeviki – Fardal: Vegarbeid og lysregulering. Vegen kan bli stengd inntil 15 minuttar mellom 07.00 og 19.00 måndag til onsdag. Torsdag gjeld det mellom 07.00 og 16.00. Lysregulering heile døgnet.

Rv. 13 Hella – Leikanger: Vegarbeid og manuell dirigering mellom 07.00 og 16.00 alle vekedagar.

Vik

Fv. 5602 Feios – Fresvik: Asfaltarbeid mellom 07.00 og 19.00 alle vekedagar. Kan bli stengd i periodar på éin time.

Luster

Fv. 604 Bergsnes – Alsmo kulvert: Vegarbeid mellom 07.00 og 18.00 alle vekedagar. Endra køyremønster.

Årdal

Fv. 53 Finnsåstunnelen: Vegarbeid og manuell dirigering. Utrykkingskøyretøy kan passera etter avtale med dirigentar. Gjeld berre måndag frå 08.00 til 16.00.

Fv. 5633: Seimsdalstunnelen: Vegarbeid.