(Illustrasjonsfoto)

Nekta å følgja pålegg frå politiet - måtte overnatta i arresten

Slik var natta for politiet i Sogn.

Publisert 14.04.2019 kl. 08.25.

Klokka 01.25 natt til søndag oppdaga politipatrulen at det byrja å bli ein litt amper situasjon mellom 3-4 personar utanfor ein utestad i Sogndal.
- Personane fekk pålegg om å forlata staden, og høyrde på det, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ein knapp time seinare, klokka 02.20, fekk politiet melding om ordensforstyrring i sentrum av Sogndal.
- Ein mann i 20-åra fekk gjentekne beskjedar om å forlata staden, utan å følgja desse. Det enda med at han måtte overnatta i arresten. Mannen vert  anmeld for ikkje å følgja pålegg frå politiet, seier Rebnord.

I løpet av natta har ein hjort blitt påkøyrd ved Valeberg.
- Ingen personar kom til skade i samanstøyten, og hjorten var avliva, seier Rebnord.


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida