For jaudå: Det var faktisk nokre lys i Lærdalstunnelen det starta med. Tunnelen treng evakueringslys. Det er forståeleg. Så balla det på seg til noko det knapt er råd å ta inn over seg. Noko ingen av oss veit korleis me skal handtera. Noko som kan treffa oss som eit hammarslag.

Les også

Kvifor er Lær­dals­tun­ne­len dy­ra­re å opp­gra­de­ra enn å byg­gja?

For det er ikkje slik at Lærdalstunnelen er i ferd med ramla saman, og dermed må stengjast i eitt år for heilt naudsynte reparasjonar. Statens vegvesen gjer ikkje dette for at me som brukar tunnelen skal bli tryggare. Det er i alle fall ingen umiddelbar fare. Sjølv om tunnelbrannane dei siste åra har synt oss at evakueringslys trengst. Frudalstunnelen og Fjærlandstunnelen er til dømes i langt dårlegare stand. Men Lærdalstunnelen ligg på ein europaveg og er underlagt EU sine kontrollrutinar.

Vegvesenet gjer dette for å unngå dagbøter frå EU, og dei vil gjera det på den måten som passar vegvesenet best. Altså ved å stengja tunnelen heilt så dei får gjort unna det grøvste før trafikken blir sett på att.

Dei seier det skal ta eitt år. Alle som har sett eit vegarbeid veit at det vil ta lenger enn det. Det gjer det kvar bidige gong. Men greitt. Lat oss lata som me trur på det:

Det blir eit år der 22 år med innarbeid samrøre for folk, forvaltning og næringsliv skal brytast så tvert at det mest ikkje er råd å få oversikt over konsekvensane. Det råkar alt. Frå dei som pendlar inn og ut frå Aurland på jobb, til dei som skal senda varer gjennom tunnelen, til dei som har foreldre på sjukeheim på andre sida av tunnelen, årdølene som spelar i korps i Aurland og så vidare. Ei stenging vil splitta familiar og leggja bedrifter i grus.

Les også

Slik råkar stenging av Lærdalstunnelen sogningane: – Det er vondt å tenkja på konsekvensane

Det er ikkje for oss dei gjer dette, og det var ikkje for oss dei bygde tunnelen i si tid heller. Den bygde dei for å få kortare og tryggare veg mellom Oslo og Bergen. Det lokale samrøra tunnelen har skapt er berre ein sideeffekt. Men for oss er denne sideeffekten for stor til at han berre kan takst vekk i eit år.

Langtransporten mellom aust og vest finn andre vegar. Hardangervidda finst, Haukelifjell finst. Dei er nesten like bra som Lærdalstunnelen og Filefjell.

Det er folk og næringsliv i Sogn eg er uroa for. Me som bur her. For oss finst det ingen alternativ som kompenserer. Det er me som ikkje klarar oss utan Lærdalstunnelen.

Eg reknar med at Statens vegvesen allereie er i gang med jobba med avbøtande tiltak. Eg tippar dei allereie reknar på ei mellombels oppgradering ferjestrekninga frå Gudvangen til Lærdal. Dei reknar sikkert på hurtigbåtar til å frakta pendlarar og godsbåtar til å frakta varer. Dei skal ha lukke til, men eg klarar ikkje sjå føre meg korleis tiltaka skal bli gode nok.

Og dei må blir gode nok. Det veit Statens vegvesen veldig, veldig godt. For sjølv om korleis og om dei skal gjera dette teknisk sett ligg hjå Statens vegvesen eller i Vegdirektoratet, så lever me framleis i eit demokrati. Dei skal ikkje meir enn eit spørsmål i Stortingets spørjetime til før stenginga av Lærdalstunnelen er dei debattsak i nasjonalforsamlinga. Atskilleg mindre inngripande ting enn eitt års stenging av Lærdalstunnelen har vorte stogga på dette viset før.

I Stortinget vil ikkje ingeniørargumentasjon vera godt nok åleine. Samfunnskonsekvensane lyt vera til å leva med.

Og er ikkje dei avbøtande tiltaka gode nok, så skjer det.

Eg klarar ikkje sjå for meg at tiltaka blir gode nok. Difor tenkjer eg at Statens vegvesen like godt kan gå tilbake til teiknebrettet å finna på noko betre først som sist.

For dette kan dei faktisk ikkje gjera mot oss. Det må finnast andre måtar å få evakueringslys på.