NAV ynskjer å nytta permittert arbeidskraft i vitale samfunssfunksjonar

LEDIGE JOBBAR: NAV oppmodar dei som no er permitert til å fylle ut ein kort CV på arbeidsplassen.nav.no, slik at du vert lett tilgjengeleg for arbeidsgjevarar med behov for arbeidskraft. (På bilete: Sara Johnsborg)

LEDIGE JOBBAR: NAV oppmodar dei som no er permitert til å fylle ut ein kort CV på arbeidsplassen.nav.no, slik at du vert lett tilgjengeleg for arbeidsgjevarar med behov for arbeidskraft. (På bilete: Sara Johnsborg) Foto:

No som me er midt i den verste krisa på arbeidsmarknaden nokon gong, er mange ledige jobbar som må fyllast.

DEL

– Det er paradoksalt nok mangel på arbeidskraft innan fleire viktige samfunnsområde, fortel Sara Johnsborg, leiar for NAV region Sogn, i ei pressemelding.

Me treng CV-en din no

– Alle som er arbeidsledige eller permitterte har no ein god sjanse til å finna ein ledig jobb og bidra i samfunnet, men me må vita kva du kan og kva du ønskjer, seier Johnsborg.

Ved å fylla ut ein kort CV på arbeidsplassen.nav.no når du registrerer deg hos oss som arbeidsledig eller permittert, blir du lett tilgjengeleg for arbeidsgjevarar med behov for arbeidskraft.

– Alt for mange hoppar over dette når dei registrerer seg hos NAV. Då er det fort å gå glipp av ein jobbsjanse; arbeidsgjevarane finn deg ikkje, og kompetansen din er også usynleg for NAV. Alle som er permitterte skal mest sannsynleg tilbake til arbeidsplassen sin, men i mellomtida kan ein bidra til å løysa viktige samfunnsfunksjonar i gjennom mellombels jobb ein annan stad. Eg oppmodar alle til å gjera dette, seier Johnsborg.

Kartleggjer ressursar

Helse- og omsorgssektoren i alle kommunar i Sogn har jobba målretta dei siste to vekene for å kartleggja ekstra ressursar, og har skaffa seg god oversikt over ekstra bemanning ved behov. Det er vanskeleg å vita sikkert korleis situasjonen vil utvikla seg framover, men me må vera budde på at det kan bli auka press på helse- og omsorgssektoren også i Sogn som følgje av pandemien.

– Då er viktig at alle tenester innan helse og omsorg er godt bemanna i vekene som kjem, og at me tek høgde for at det kan oppstå behov for portørar, reinhaldsmedarbeidarar, kjøkenhjelp/ kokk og anna hospital driftspersonell i tillegg til personell som har fagutdanning innan helse.

Vitale samfunnsfunksjonar

Ut frå dei signala me har fått så langt, ser me allereie no at det er behov, eller ganske raskt vil oppstå behov, for ekstra ressursar innan fleire andre viktige næringar som:

  • Daglegvarehandelen treng kassapersonell, varepåfylling og lagerhandtering.
  • Transport av matvarer og drivstoff er samfunnskritisk. Her trengst sjåførar, lagermedarbeidarar og truckførarar.
  • Næringsmiddelindustrien treng mange ulike operatørar i sine produksjonsliner.
  • Jord- og landbruk, som er ei stor næring i vår region, vil ha behov for arbeidskraft til mykje ulikt arbeid ved sesongstart.

Næringane nemnt over er sett på som vitale samfunnsfunksjonar som manglar mange medarbeidarar som følgje av pandemien alt no.

– NAV har eit ansvar for å hjelpa til å finne naudsynt arbeidskraft til ledige stillingar, og i den tida me er inne i er det særs viktig at me greier å vri ledige ressursar inn mot viktige næringar med arbeidskraftbehov og leggja til rette for yrkesmessig mobilitet. Skal me lukkast med dette, må kvar og ein vera med å bidra.

Artikkeltags