Naudetatar rykkjer ut til pipebrann

DEL

Vest politidistrikt melder om pipebrann på Indre Hafslo i Luster kommune fredag.

Naudetatar er på staden. Politiet opplyser at ein person har fått i seg noko røyk. Vedkommande blir undersøkt av helsepersonell.

Brannen har så langt ukjend årsak, opplyser politiet på Twitter.

Sløkkjing og undersøkingar i brannområdet pågår, melder politiet klokka 13.31. Skadeomfang er ikkje kjent.

Artikkeltags