Gå til sidens hovedinnhold

Naudetatar rykkjer ut til MC-velt

Politi og helse er på veg til staden.

- Ein mann i 60-åra er frakta med ambulansen til Lærdal sjukehus, bergningsbil har vore på staden, seier Knut Dale Mikkelsen i Vest politidistrikt klokka 18.10.

Vest politidistrikt melde om ei trafikkulukke i Bjørgavegen i Aurland klokka 16.51 torsdag.

Då opplyste politiet at ein MC hadde velta og det skal ikkje vera andre involverte i ulukka. Førar av MC er vaken og medviten, elles er skadeomfanget ukjent, opplyste Vest politidistrikt på Twitter.

Det skal vera lite trafikk på ulukkesstaden, motorsykkelen ligg i grøftekanten og skal ikkje vera til hindring på staden. Bergningsbil er tilkalla.

Ingen mistanke om promille.

Kommentarer til denne saken