– Me fekk varsel 10.05 om at ein bil hadde køyrt av vegen på Lustravegen mellom Kvamshaugen og Osen. Det er ein bil involvert og to personar, som har kome seg ut av bilen, seier Jostein Steinsland Hauge hjå 110 Vest.

Det er ikkje meldt om personskade.

– Det er svært glatt på staden og 80-sone, seier Hauge.

Brannvesen frå Sogndal og Hafslo er på staden, det same er politi og ambulanse, seier Hauge.

– Vegen er ikkje stengd, men det er redusert framkomst på staden grunna naudetatane. Ulukkesbilen er ute av vegbana, seier Hauge.

– Politiet er kome til staden, to personar som har vore i bilen er undersøkt i ambulanse på staden. Bilen står slik til at trafikken flyt greitt forbi, vegen er ikkje sperra på nokon måte, seier operasjonsleiar Tom Johannessen hjå Vest politidistrikt.

Også han seier det er svært glatt det bilen har køyrt utfor.

Vegtrafikksentralen har også registrert ulukka. Men det er elles ingen meldingar om glatte vegar som har tikka inn til dei frå Sogn.

– Berre frå bergensområdet og på kysten. På fjellovergangane er det stabile forhold og vinterføre, opplyser operatøren.