Onsdag ettermiddag klokka 17.00 skal det vera øving for naudetatane i Sogndal.

– Scenarioet er brann i båt. Øvinga vil skje i området Dampskipskaien i Sogndal og på fjorden i området Sogndal-Kjørnes, seier politioverbetjent Svein Inge Harberg på Sogndal politistasjon.

Det vil delta personell frå Redningsskøyta, ambulansetenesta, brann, politi og elevar frå Sogndal Folkehøgskule.

Øvinga skal vera avslutta innan klokka 19.00.