Gå til sidens hovedinnhold

Naudetane rykte ut – bilen var vekk då dei kom fram

Seint torsdag kveld sette politi og ambulanse kursen mot Kaupanger med blålys.

– Meldinga var at ein bil med tre ungdomar hadde køyrd ned i ein lyktestolpe og stod i grøfta mellom veg og gangveg i Kloppavegen på Kaupanger ved Bohus, seier operasjonsleiar Tore Andrè Brakestad ved Politi Vest sin operasjonssentral til Sogn Avis.

Då naudetatane kom fram var det verken bil eller folk å sjå, men spora etter det som hadde skjedd var tydelege.

Meldinga kom inntil politiet klokka 22.33 og ambulanse var på staden kort tid etter.

Knekt skilt

– Det var eit skilt som var knekt og så var det ein del skader på lyktestolpen, seier Brakstad.

Staden det skjedde ligg på industrifeltet på Kaupanger og ikkje i tilknyting til riksveg eller bustadfelt.

Onsdag morgon skreiv Sogn Avis om ein lyktestolpe nede ved kaien på Kaupanger, som også var påkøyrd og knekt rett av. Det hadde mest truleg skjedd på dagtid tysdag, men syndaren melde ikkje frå.

Stein Inge varsla kommunen om det han såg på veg heim

Kommentarer til denne saken