Gå til sidens hovedinnhold

Naturmøteplassar får pengehjelp på Vestlandet

Dei tre kommunane Kinn, Luster og Alver får over 2,5 millionar kroner i støtte frå Gjensidigestiftinga til å lage naturmøteplassar.

Dei tre prosjekta skal leggje til rette for naturmøteplassar som gir naturopplevingar, fysisk aktivitet, læring og sosialt fellesskap. Det er ein universelt utforma trepromenade til dagsturhytta Sjøbua i Alver og naturmøteplassar med blant anna universelt utforma utsetjingsrampar for kajakk i Luster og i Kinn.

Prosjekta i Luster og Kinn får 1.025.000 kroner kvar, medan prosjektet i Alver får 500.000 kroner, går det fram av ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Luster kommune skal skape ein naturmøteplass ved Hafslovatnet, medan turgruppa i Skavøypoll idrettslag i Kinn har planar om det same ved Deknepollvatnet. Ved begge vatna skal det det byggjast universelt utforma utsettingsrampe for båt, kajakk og kano, brygge, båthus og sanitæranlegg.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken