Gå til sidens hovedinnhold

Flåm AS skal drifta villakssenteret

Artikkelen er over 3 år gammel

Lærdal kommune har teikna ein intensjonsavtale med Flåm AS om drift av Villakssenteret i Lærdal.

- For villakssenteret sin del er det svært godt nytt å få inn ein aktør som Flåm AS, som på den eine sida kan marknadsføring og har både ein stor marknad og eit stort nettverk i reiselivssegmentet. På den andre sida har dei langsiktig reiselivsutvikling er deira overordna strategi, seier rådmann Alf Olsen jr.Han er svært nøgd med å få på plass ein slik utviklingsavtale og ser fram til eit godt samarbeid med Flåm AS. Det same er Flåm AS.- Flåm AS ynskjer å bidra til lokal verdiskaping gjennom satsing på reiselivet. Villakssenteret i Lærdal er ei lokal satsing som vil kunna bety mykje for regionen og Lærdal kommune. Flåm AS ser fram til å samarbeida med kommunen om å sjå på utvikling av senteret og det potensialet som ligg i reiselivet i Lærdal, seier Nils Asbjørn Lie i Flåm AS.

Strategisk

Flåm AS vil sjå på dei marknadsmessige vurderingane og moglegheiter for avkastning, før ein inngår ein endeleg avtale. Vidare står det i intensjonsavtalen at bygget er strategisk viktig for kommunen, og har potensial for å leggja til rette for opplevingar, besøk og arrangement.Kommunen strekar også under at det trengst høgare besøkstal på dei publikumsretta aktivitetane i bygget, og at dei difor ønskjer å trekkja inn aktørar som ser kommersielle moglegheiter og har eit langsiktig utviklingsperspektiv.

Heilskapleg

- For Lærdal og innbyggjarane sin del tyder dette at me vil jobba for ei langsiktig og heilskapeleg utvikling av bygget med tilhøyrande innhald , seier Olsen jr.Det har dei siste åra vore fleire rundar med driftinga av bygget som husar kulturhus, villakssenter, lydstudio, kafé, kunstsenter og fellesareal - utan at dei har funne nokon optimal driftsmodell. I vår har tre ting skjedd som gir von om ei god utvikling av huset for framtida.Det er løyvd midlar til «Nasjonalt villakssenter», nytt eigedomsselskap og denne avtalesigneringa.For det første fekk tiltaket «Nasjonalt villakssenter» tre millionar i tilskot frå Miljødirektoratet. Denne etableringa er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Namsos, Tana, Lyngdal og Lærdal, og hovudføremålet er å auka ålmenta sin kunnskap kring villaksen - ein av to artar Noreg har spesielt ansvar for. Den andre er villreinen. For Lærdal sin del er dette midlar som kan styrkja den faglege biten kring Norsk villakssenter.For det andre har kommunestyret i Lærdal vedteke å flytte ansvar for bygget over i eit eigedomsselskap organisert som eit AS. Selskapet skal stå for drifta og skal bidra til å utvikle tilbod og tenester. Ein av dei største utfordringane har vore forvaltinga av sjølve bygget, og ved å flytta forvaltinga over frå kommunen til eit dedikert eigedomsselskapet legg ein til rette for ei meir fokusert forvalting.

Kommentarer til denne saken