Gå til sidens hovedinnhold

Verdsarvparken får pengar - er inne på statsbudsjettet

Artikkelen er over 2 år gammel

Nærøyfjorden Verdsarvpark er inne på statsbudsjettet gjennom organisasjonen Norske Parker.

Statsbudsjettavtalen mellom KrF og regjeringa fekk på plass 5 millionar kroner på budsjettet for 2019. - Dette er eit stort gjennomslag for dei ni norske regionalparkane, seier styreleiar Eivind Brenna i Norske Parker.

Nærøyfjorden

I 15 år har det blitt jobba for at regionalparkane skal bli anerkjent av statlege styremakter. No har dei nådd fram. - For Nærøyfjorden Verdsarvpark betyr det svært mykje at ein no har ein nasjonal aksept og økonomisk støtte for det langsiktige arbeidet som vert utført gjennom både parkorganisasjonen og park- og partnarsamarbeidet. Det vil utan tvil gje eit betre fundament for å halde fram med satsingar og tiltak som fremjar og støttar opp under både utvikling og ivaretaking i Verdsarvparken, seiar dagleg leiar Erling Oppheim.

Kommentarer til denne saken