300 grøne millionar frå sparebanken: - Me ønskjer å vera ei drivkraft

GODE TILBAKEMELDINGAR: - Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå investorar både i Norge og Sverige, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Pressefoto)

GODE TILBAKEMELDINGAR: - Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå investorar både i Norge og Sverige, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Pressefoto)

Av

Sparebanken Sogn og Fjordane vil ta klimautfordringane på alvor og tilbyr no grøne obligasjonslån til investorane.

DEL

- Det er me veldig stolte av, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.Grøn obligasjon betyr at pengane som banken lånar i finansmarknaden, berre skal brukast på finansiering av grøne prosjekt.Som eit ledd i Sparebanken Sogn og Fjordane sin berekraftsstrategi har banken utarbeidd eit grønt rammeverk for obligasjonsfinansiering av utvalde lån til fornybar energi, med særleg søkjelys på vasskraft, går det fram av ei pressemelding.

Tidleg ute

CICERO Senter for klimaforsking har teke ei uavhengig vurdering av rammeverket og gjeve den si høgste moglege vurdering - mørkegrøn, vert det opplyst i pressemeldinga.- Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå investorar både i Norge og Sverige, og me opplever å treffa marknadsaktørar me vanlegvis ikkje snakkar med, mellom anna spesialistar innan grøne investeringar. Det er viktig for oss som bank å gje investorane denne moglegheita, seier Teigene.Banken startar i første omgang med finansiering av 300 millionar, som er ein relativt liten del av utlånsportefølja til banken, men vil utvide etter kvart.- Me er tidleg ute, som den andre sparebanken i Norge, men me er trygge på at både tilbod og spurnad etter slike obligasjonar vil auka framover, seier Teigene.- Etablering av grønt rammeverk er eit steg i rett retning, der banken set klimatiltak og grøne prosjekt høgt på agendaen. Eit grønt rammeverk harmoniserer med banken sin berekraftsprofil og bidraget vårt mot eit klimanøytralt samfunn, forklarer han vidare.

- Vera drivkraft

Han legg til at Sparebanken Sogn og Fjordane er svært oppteken av å bidra til at kundane og investorane kan ta del i det grøne skiftet og utvikling tilpassa eit lågutsleppsamfunn.- Klimavurdering inngår alt i kredittprosessane for bedriftskundar, og me har også gjeve miljøretta gåver i fylket, i tillegg til at banken er sertifisert som Miljøfyrtårn.I slutten av september skal banken saman med fleire andre også dela ut DRIV-prisen, ein heilt ny grøn innovasjonspris.- Me ønskjer å vera ei drivkraft i samfunnet når det gjeld det grøne skiftet, og grøne obligasjonar er eit nytt tiltak for å sikra vårt bidrag til ei framtidsretta utvikling, legg han til.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken