300.000 kroner til turskilt og stibygging

LIKE SKILT: Frå venstre: Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) ved eit eksempel på skilt som er av den nasjonale turskiltnormen. (Foto: Kristian Helle/Sparebanken Sogn og Fjordane)

LIKE SKILT: Frå venstre: Atle Skrede (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Astrid Kalstveit (Sogn og Fjordane Turlag) og Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane) ved eit eksempel på skilt som er av den nasjonale turskiltnormen. (Foto: Kristian Helle/Sparebanken Sogn og Fjordane)

Av

No skal turstiar utbetrast og skiltinga skal bli lik i heile fylket.

DEL

- Betre tilrettelegging av turtilbod gir stor auke i turaktivitet, som igjen gir betre folkehelse. Difor er det veldig kjekt for oss å vere med å bidra til dette prosjektet, seier Pål Fidjestøl.Han er kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåva på 300.000 frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.Pengane skal brukast på betre skilting langs stiar i Sogn og Fjordane, og utbetring av sjølve stiane. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane i fylket og Sogn og Fjordane Turlag, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Like skilt

Turskilt-delen av prosjektet går ut på å skilta turstiar heilt frå kommunesentera og parkeringsplassar, og fram til både dagsturhytter og andre turmål. Skilta vil vera i tråd med den nasjonale turskiltnormen, som betyr like skilt til alle turmål. Det er også ein del av prosjektet at turstiane vert registrerte digitalt i Kartverket sine turkart, i tillegg til på ut.no.Til denne skiltinga er 200.000 kroner av den totale gåva på 300.000 gitt til kommunane.- Sogn og Fjordane fylkeskommune har i tillegg fått godkjenning frå Kulturdepartementet om at me kan søkja om spelemidlar til prosjektet på vegner av heile fylket, seier Atle Skrede, rådgjevar i nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen.- Gåva frå sparebankstiftinga, dugnad frå turlaga og spelemidlar på 50 prosent av kostnaden, gjer at dette kan gjennomførast utan kostnad for kommunane, legg han til Skrede.

100.000  til materialar

Når det gjeld den andre delen av prosjektet, stibygging, har Sogn og Fjordane Turlag gjort ein kjempejobb på dette feltet i mange år, vert det peika på i pressemeldinga, men Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser at mykje av tida går på å henta inn finansiering til materialar.100.000 kroner av gåva er difor reservert Sogn og Fjordane Turlag til dette. Nye stiar, utbetring av stiar, og det å gjera det meir framkomeleg med bruer og klopper over myr, er døme på kva midlane skal brukast på.- Behovet er stort for materialar som kan vera med og skåna terrenget, og tola presset frå stadig aukande turglede i distrikta. Turlaga ønskjer at folk flest skal få oppleva naturen og bli kjende i sitt eige nærområde, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken