Listetoppar møtest til klimadebatt under konferanse

MEIR AV DETTE? Flaumen i Utvik sommaren 2017 illustrerer hendingar som ein bør bu seg på å oppleva oftare som følgje av klimaendringane. (Foto: Haavard Stensvand)

MEIR AV DETTE? Flaumen i Utvik sommaren 2017 illustrerer hendingar som ein bør bu seg på å oppleva oftare som følgje av klimaendringane. (Foto: Haavard Stensvand)

Av

Den nasjonale klimaomstilingskonferansen vert gjennomført for fjerde gong 23.- 25. april.

DEL

Hovudtema for årets konferanse, som føregår på Quality Hotel Sogndal, er omstillingsval. - Klimaforskarane gir oss 12 år - eller tre kommunestyreperiodar - på å halvera utsleppa om me skal klara å nå 1,5-gradersmålet. Kva val må me ta i dag for at me skal klara å nå målet, og for å tilpassa oss eit klima i stadig endring?, spør arrangørane.

Breitt spekter

Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Vestland, Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Statens vegvesen, Vestlandsforsking, Hordaland fylkeskommune, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, Universitetet i Bergen, Senter for klima og energiomstilling og Klimapartnere Vestland.Seniorrådgjevar Mari Severinsen hjå Fylkesmannen i Vestland opplyser at rundt 120 personar er påmelde.- Det kjem mellom anna folk frå kommunar, fylkeskommunen, Fylkesmannen og studentar, seier ho.

Klimadebatt

I tillegg til mange føredrag, mastergradspresentasjonar og klimaekskursjon blir det lagt opp til valkampdebatt, basert på spørsmål samla inn frå barn og unge.- Her stiller nesten alle parti med første- eller andrekandidat til fylkestingsvalet, seier Severinsen.Debatten vert leia av Frøy Gulbrandsen og her stiller Noralv Distad (Vestland Høgre), Terje Søviknes (Vestland FrP), Torbjørn Vereide (Vestland Ap), Åsmund Berthelsen (Vestland SV), Trude Brosvik (Vestland KrF), Jon Askestad (Vestland Sp), Gunhild Berge Stang (Vestland Venstre) og Natalia Golis (Vestland MDG), blir det opplyst i ei pressemelding frå Fylkesmannen i Vestland.

Artikkeltags