Vil verna skogområde i Verdsarvfjorden

Av
DEL

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender Fylkesmannen no framlegg om vern av Geitanosi i Aurland på høyring. Frist for uttale er 20. mars 2020. Verneforslaget gjeld eit skogområde som vart kartlagt av Biofokus i samband med frivillig skogvern, og Geitanosi vart vurdert som nasjonalt verneverdig. Gjennom kartlegginga er det mellom anna registrert bekkekløfter, rik edellauvskog med alm-lindeskog, gamal boreal lauvskog og fosseeng. Fylkesmannen skriv at ei slik verneform i utgangspunktet vil forby aktivitetar og nye anlegg som kan skada verneverdiane i naturreservatet. «Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunna plukka sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunna haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast».

Artikkeltags