Nattestenging i tunnel i Vik

Frå måndag blir det endringar i stengetidene i Framfjordtunnelen i Vik kommune.

DEL

Tunnelen blir stengd på kveld og natt heile veka, mellom kl. 19.00 og 06.00, opplyser Vestland fylkeskommune.

I byrjinga av oktober starta arbeidet med å tetta vasslekkasjar i Framfjordtunnelen i Vik. No vert arbeidstidene utvida til heile veka, frå klokka 19.00 til 06.00.

Opningstidene blir desse:

20.30-20.40, 22.30-22.40 og 00.00-00.10.

Det blir ei ekstra opning etter midnatt, rundt klokka 03.00, opplyser fylkeskommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken