Også natt til torsdag blir ei rekkje fylkesvegar stengde. No er to vegar i Jostedalen komne til på lista.

Desse vegane vert nattestengde grunna fare for snøskred, onsdag 9. februar:

  • Fv. 5641 Veitastrond, kl. 22.00-08.00
  • Fv. 5637 Urnes, kl. 22.00-08.00
  • Fv. 5602 Fresvik, kl. 22.00-08.00
  • Fv. 604 Krundalen, kl. 22.00-10.00
  • Fv. 604 Fåberg, kl. 22.00-10.00
  • Fv. 5625 Skjerdal, kl. 22.00-08.00

Desse vegane har vore stengde sidan i går, og det blir ny vurdering torsdag 10. februar:

  • Fv 55 Esebotn, ny vurdering kl. 08.00
  • Fv 5606 Menes, ny vurdering kl. 08.00
  • Fv 5623 Bakka, ny vurdering kl. 10.00