Gå til sidens hovedinnhold

Nattestengd fylkesveg

Fv. 603 mellom Marifjøra og Vedvik i Luster blir nattestengd frå søndag 6. juni, til neste laurdag. På dagtid blir det timesstengingar, opplyser Vestland fylkeskommune.

Grunna førebuing av dekkelegging og utskifting av stikkrenner vert vegen stengd mellom klokka 22.00 og 06.00.

På dagtid vert det arbeid mellom klokka 08.00 og 18.00, med opning for gjennomkøyring kvar heile time.

Arbeidet vert avslutta 12. juni.

Kommentarer til denne saken