Gå til sidens hovedinnhold

Natt til fredag vert ferjeturen ekstra lang

Natt til fredag 2. juli vert Mannheller ferjekai stengt. Ferjeturane om natta vil då gå frå Kaupanger til Fodnes.

Årsaka er at det skal utførast vedlikehald i ein tunnel.

Siste avgangen frå Mannheller går midnatt. Meininga er at klokka 05:00 er det klart for å nytta ferjeleiet på Mannheller att.

Resten av rutene natt til fredag, går frå Kaupanger ferjekai. Det blir avgangar frå Fodnes kl. 00:30, 01:50, 03:05 og 04:30. Frå Kaupanger kl. 01:10, 02:30, og 03:45 opplyser Norled.

Kommentarer til denne saken