Gå til sidens hovedinnhold

Nasjonalballetten kjem til Tungestølen

Nasjonalballetten ønskjer å nå ut på nye måtar.

Onsdag 16. juni dansar Nasjonalballetten blant brefalla på DNT-hytta Tungestølen ved Veitastrond.

Då blir det opptak av førestillinga: Nasjonalballetten dansar for Jostedalsbreen, skriv Den Norske Turistforening i ei pressemelding.

Nasjonalballetten tenkjer nytt i korona-tida, sidan det ikkje er mogleg å fylla Operaen med tilskodarar.

– I heile korona-tida har det vore viktig for oss å nå ut på heilt nye måtar, og å tenkja nytt rundt møte med menneske og med natur. Å dansa utandørs kom som eit svar på at me ikkje kunne ha folk inne i salen. Årets turné til skjer med håp og tro for framtida, og ønskje om å kunne gje noko til unge menneske, akkurat no. Det ligg eit et alvor i å kunne bringa kunsten ut no. Anten det er til skular, til skredråka Gjerdrum, frå Operataket som ligg som et isfjell i vasskanten og no, til sjølve Jostedalsbreen, seier ballettsjef Ingrid Lorentzen i pressemeldinga.

På grunn av smittevern er det plassavgrensing på Tungestølen, og 200 tilskodarar får gleda av førestillinga.

Kommentarer til denne saken