Gå til sidens hovedinnhold

Nasespray kan bli eit nytt våpen i kampen mot koronaviruset

Åtte variantar er under utprøving, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO).

NPK-NTB-AFP

Vaksine som blir teken som nasespray, kan bli nytt våpen i kampen mot koronaviruset. Åtte variantar er under utprøving, ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO).

Viruset finn ofte vegen inn i kroppen gjennom nasen, og derfor er det interesse for å teste nasespray-vaksinar.

Nasesprayen som har komme lengst i utviklinga, er laget i samarbeid mellom det kinesiske Xiamen-universitetet, Universitetet i Hongkong og Beijing Wantai Biological Pharmacy. Fase to i utprøvinga av denne vaksinen er no ferdig.

– Når viruset infiserer nokon, kjem det som regel inn gjennom nasen. Tanken er å lukke den døra, seier forskar Nathalie Mielcarek, som jobbar ved Lille Pasteur Institute med ein tilsvarande vaksine mot kikhoste.

Kommentarer til denne saken