Vestland fylkeskommune skal då stå for mellom anna både bygging og drift av 5600 kilometer fylkesveg, skriv dei i ei pressemelding.
- Skal ikkje merka overføringa
Som følgje av regionreforma tek Vestland fylkeskommune over heile ansvaret for fylkesvegane ved årsskiftet.- Målet er at folk flest ikkje skal merka denne overføringa av oppgåver. Det viktigaste er at om du vil finna informasjon om eller melda ifrå om feil på ein fylkesveg, så er det oss i fylkeskommunen du skal kontakta. Trafikkmeldingar vil ein fortsett finna gjennom vegtrafikksentralen, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Historisk samarbeid
Vestland fylkeskommune skal etter nyttår ha det daglege ansvaret med planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Til no har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar. Fylkeskommunane og Statens vegvesen har sidan 2010 samarbeida om fylkesvegane i Noreg gjennom ein avtale kalla «Sams vegadministrasjon».- Statens vegvesen skal enno yta tenester til fylkeskommunen i arbeidet med beredskap og overvaking av vegane gjennom vegtrafikksentralane. Det vil også vera noko samarbeid om driftskontraktar for brøyting og strøing av veg, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.Statens vegvesen skal forsett ha ansvar for riks- og europavegnettet, men den regionale inndelinga av Vegvesenet opphøyrer, og blir organisert i divisjonar.
På god veg
Vestland fylkeskommune har det siste året arbeidd med å byggja opp eit solid fagmiljø som skal arbeida med fylkesvegane, med ein hektisk periode fram mot årsskiftet for å sikra at alt kjem på plass til 1. januar. Både Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen har som mål å sikra at overføringa av fylkesvegoppgåvene og tilsette skjer slik at det ikkje blir merkbart for trafikantane.- Vi tek over oppgåvene med stor respekt for arbeidet som er gjort, og vi vil halda fram å utvikla og drifta fylkesvegane på best mogleg måte, seier Lefdal.Statens vegvesen vil gjennom vegtrafikksentralane framleis ha ansvaret for å overvaka vegnettet vårt. Det vil også vera noko samarbeid mellom Vegvesenet og Vestland om drift, vedlikehald og beredskap.
Fakta om fylkesvegnettet
Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungera som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringslivDet er ca. 5600 km med fylkesveg i VestlandI 2018 brukte Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune til saman 1,44 milliardar kroner på investeringar knytt til fylkesvegnettetFylkeskommunane forvalta i 2018 omkring 1,75 milliardar kroner til drift, vedlikehald og ferjedrift på fylkesvegnettet