Næringsrådet fryktar dei langsiktige konsekvensane av koronakrisa

Varer situasjonen lenge, kan det bli kritisk for mange bedrifter.

DEL

Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd har gjennomført fleire spørjeundersøkingar om konsekvensane koronaepidemien har for næringslivet i Vestland. 759 bedrifter er spurde i den nye undersøkinga.

– Det som kjem fram i denne spørjeundersøkinga er svært dramatisk og urovekkande. Ikkje minst dei langsiktige verknadane av krisa dersom den varer over tid, seier Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd i ei pressemelding.

Ni av ti bedrifter i Vestland fylke seier at koronapandemien fører til store konsekvensar for deira bedrift. Dersom situasjonen varer i to til tre månader vil det vera kritisk i meir enn halvparten av bedriftene.

Meir enn halvparten av bedriftene i undersøkinga har allereie gjennomført permitteringar av tilsette. I tillegg til dette reknar 25 prosent til å måtte gjera det.

Håpar på gradvis betring

Kvar fjerde bedrift fryktar konkurs om dette held fram, og to av tre bedrifter svarar at det vil vera behov for fleire koronatiltak frå regjeringa og Stortinget i tida som kjem.

No håpar næringsrådet at smittesituasjonen er i ferd med koma under betre kontroll, og at styresmaktene etter kvart kan mjuka opp tiltaka.

– Det gjev håp om at meir av næringslivet også gradvis kan koma på fote igjen dersom ein i fellesskap klarar å halda smittesituasjonen under kontroll, seier Lødemel.

Artikkeltags