Ny utsjånad, ny innlogging og meir innhald: Dette må du vite om «nye» Sogn Avis

NYE TIDER: - Det blir ei nyare og meir moderne drakt på både papiravisa og nettavisa. Største skilnaden blir det nok på nettavisa, seier redaktør Eli Grotle. (Foto: Sigrid Nese Thue)

NYE TIDER: - Det blir ei nyare og meir moderne drakt på både papiravisa og nettavisa. Største skilnaden blir det nok på nettavisa, seier redaktør Eli Grotle. (Foto: Sigrid Nese Thue)

Av

Nyare, meir moderne og meir lesarvenleg.

DEL

Sogn Avis skal få ei ny og oppdatert drakt, både på nett og papir. Det skjer fordi Amedia i haust kjøpte opp avisa.Tida etter det er blitt brukt til å førebu overgangen til nye system, og frå neste veke vil Sogn Avis ta i bruk Amedia sine løysingar både for abonnement, marknad og redaksjon.- Det blir ei nyare og meir moderne drakt på både papiravisa og nettavisa. Største skilnaden blir det nok på nettavisa. Den vert meir moderne og lesevenleg, slik at sakene vert presentert på ein tydlegare måte, forklarer redaktør Eli Grotle.Les også: Eli er konstituert redaktør i Sogn Avis

Eit stort løft

At Sogn Avis no blir ei Amedia-avis vil også gjera at Sogn Avis sine abonnentar får tilgang til meir innhald.- Innhaldet trur eg blir betre enn før. Men sjølv om me no vil få tilgang til å henta inn gode nyhendesaker og reportasjar frå andre aviser landet rundt, skal me først og fremst laga den gode lokale journalistikken og ta vare på vår eigen identitet, seier Grotle.Livesendingar og streaming av ulik sport, både lokalt og nasjonalt, blir eit ekstra supplement som abonnentane vil få tilgang til.Grotle trur at dette vil bli eit stort løft for Sogn Avis.

Alle må ha aID

Oppgradering av nettavisa betyr også at dagens innloggings-løysing blir fasa ut. Det betyr at Sogn Avis sine lesarar må oppretta ny brukar på sognavis.no og få ein aID.Når den oppdaterte nettavisa blir lansert 28. januar vil abonnentane måtte nytta seg av Amedia si innloggings-løysing for nettaviser.- Abonnentane vil få tilsendt informasjon om korleis dei opprettar ny brukar. Når den ny utsjånaden blir lansert om halvanna veke, vil me sjølvsagt vera tilgjengeleg for hjelp på telefon og e-post.

Enkel og stabil

Den nye innloggings-løysinga er både enklare og meir stabil. Det skal vera nok å logga seg inn ein gong. Etter det skal ein bli verande innlogga og sleppa gjera det gjentatte gonger.- Det einaste som er viktig å vita, er at første gongen du går inn på nettsida, ikkje prøver å logga inn med det gamle passordet, men trykkjer på «lag ny brukar», seier redaktør Eli Grotle.

Artikkeltags