Saman med Naturvernforbundet og Bondelaget har NAF sendt eit brev der dei foreslår endringar i vegstandard, vegnormalen.
– Det vil frigjere sårt trengde midlar til vedlikehald og fornying seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF, i ei pressemelding.
I dag kan ein bygge smal 4-felts motorveg med fartsgrense 110 km/t ned til så låge trafikkmengder som 6000 ÅDT (årsdøgntrafikk). NAF meiner det kan innførast ein ny standard, med 2/3-felts veg og fartsgrense 90 km/t. På dei mest trafikkerte vegane med trafikkmengd over 15.000 ÅDT meiner NAF det framleis må byggjast firefelts motorveg med 110 km/t.
Å endre vegstandarden vil kutte kostnadane kraftig, og NAF meiner at vegmidlane då kan fordelast betre. Behova for vedlikehald er enorme, og etterslepet på norske vegar er berekna til om lag 100 milliardar.
– Svært mange av dei store, ulykkesbelasta strekningane er no fullførte med høg standard. Når vi spør folk kva dei ønskjer politikarane skal prioritere, er det mange fleire som svarar vedlikehald enn dei som ber om nybygging av veg, seier Ryste. Ho peikar på at dårleg vedlikehald og manglande rassikring gjer at folk føler seg utrygge på vegane. Ved å omprioriterer vegmidlane, kan ein prioritere vedlikehald i Distrikts-Noreg der folk er aller mest urolege for vegvedlikehald, meiner NAF.
(©NPK)