– Det er normalt på denne tida av året med mange parallelle epidemiar av både luftvegsinfeksjonar og mage-tarm-infeksjonar. Denne vinteren er det ekstra ille fordi vi har ein ny sjukdom, korona, i tillegg til dei gamle, og vi har ein tøff influensasesong, seier fagdirektør Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet.

I ein e-post til NTB svarer han på korleis folk bør ta omsyn til sjukdom som sit tungt i, der det kjennest som hosten held fram og kreftene ikkje kjem tilbake.

– Det er vanleg at det kan gå fleire veker etter ein luftvegsinfeksjon før alle symptoma er borte. Viss feberen er borte, og ein elles er i rimeleg bra form, treng ein ikkje haste til fastlegen og i alle fall ikkje til legevakta. Ein kan sjå det an og høyre med fastlegen etter kvart, skriv Aavitsland.

Unngå eksponering

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet stemmer i. Han seier det særleg etter covid eller influensa er vanleg å kjenne seg slapp og ha resthoste, og kanskje pådra seg fleire infeksjonar etter kvarandre. Å eksponere seg ute blant folk, aukar risiko for å plukke opp ny smitte medan ein er sårbar.

– Vi er inne i den absolutt kaldaste årstida og lever utan smitteverntiltak. Det gjer at fleire typar luftvegsvirus blir samstundes spreidd. I tillegg har ikkje influensavaksinen treft heilt blink i år, og vi har framleis mykje spreiing av SARS-CoV-2-viruset trass vaksinasjon med oppfriskingsdose hos mange, seier han.

Aavitsland anslår at fleire hundre tusen blir smitta kvar veke med korona og influensa.

– Vi pleier å sjå ein auke av influensa når barnehagar, skular og arbeidsplassar kjem i gang igjen etter juleferien. Folk som får nye luftvegssymptom og kjenner seg sjuke, bør halde seg heime til dei er betre, seier fagdirektøren.

Vaksinasjonstilrådingane står uansett ved lag.

– Det er ikkje for seint, verken for influensa eller korona, seier Aavitsland.

Pass på andre

Viss restplagene held fram i meir enn tre veker, og særleg viss dei ikkje er minkande, kan det vere lurt å kontakte fastlegen. Nakstad rår også folk til å vere litt merksame når det gjeld andre som er sårbare.

– Mange kan bli ordentleg slått ut av influensa og covid-19, særleg eldre menneske. Det er difor fint viss ein held kontakten med eldre slektningar, vener eller naboar som har vorte sjuke. Kanskje treng dei hjelp til å handle eller får behov for å kome i kontakt med fastlegen? Då kan det vere godt å få hjelp frå andre.

Nokre grupper bør også få sjekka om ein har covid-19. Er ein over 65 år og har ein kronisk sjukdom, kan det vere aktuelt å starte med tablettbehandling mot koronaviruset.

(©NPK)