Pallar

Fleire pallar med bøker er sette på plass i hyllene berre dei siste fjorten dagane, fordelt på i alt sju butikkar og kaféar, fortel ein entusiastisk, dagleg leiar i bokbyen, Marianne Supphellen i ei pressemelding.

Omsette

Nye jakt- og fiskebøker er på plass, kokebøker, sportsbøker, filosofi og sosiologi for å nemna noko. Det same gjeld barnebøker og romanar for vaksne.- Me vil særleg trekkja fram det store utvalet av krim- og annan romanlitteratur for vaksne og barnebøker, seier Supphellen. Ho legg til at det gjeld både norske og omsette klassikarar og dei siste åras bestseljarar.

Fantasy

- Me har barnebøker for dei minste og til ungdommar som likar fantasy og annan spennande litteratur. Dette er bøker som passar ekstra fint i ei ferietid. Den eine av butikkane har fått inn mykje moderne barnelitteratur på nynorsk, opplyser Supphellen.Mange av fylket sine eigne forfattarar er også representerte. I tillegg til forfattarar frå tidlegare generasjonar er dagens forfattarar godt synlege i hyllene; krim frå Sogn Avis-journalistane Kai Martin Brekke og Rune Timberlid, romanar og barnebøker frå Marita Liabø, Erna Osland og Herman Starheimseter med fleire, opplyser Supphellen.Ei nyaktuell bok er den tretti år gamle science-fictionromanen "Knivseggen" av Magnus Helge Torvanger. Hovudtemaet er økologi. Ei nyutgjeving av diktsamlinga til Sigurd Nesdal har og funne vegen til Fjærland, i fleire eksemplar.