Mykje nedbør gir jordskredfare

Publisert 04.12.2019 kl. 14.37.

NVE varslar jord-, sørpe- og flaumskredfare på gult nivå for delar av Vestlandet.


Det er venta opp mot 70 millimeter nedbør frå torsdag føremiddag til fredag føremiddag, melder varsom.no.


Nedbøren vil koma som regn under 800-1.000 moh. Saman med høge temperaturar og mykje vind vil det gi stor snøsmelting.


Les meir om: Nyhende Vêr