Mykje feil og manglar i trafikken viser ein kontroll på Håbakken

Av 22 kontrollerte tungbilar på Håbakken måndag kveld måtte Statens vegvesen melda fem sjåførar til politiet og skriva ut ti skriftlege manglar.

DEL

Eit firma som dreiv transport av farleg gods fekk køyreforbod på grunn av manglande merking av farleg gods på transporteininga, manglande skriftlege instruksjonar, verneutstyr og brannsløkkarar. Transporteininga var ikkje klargjort for ein slik transport, skriv Statens vegvesen i kontrollresultatet.

Firmaet vil bli melde til politiet for dette og merking av utstyr og dokument måtte ordnast før vidare køyring. Same firma fekk 8000 kroner i trafikkgebyr på grunn av manglande bombrikkeavtale på trekkvogna.

Ein varebil var lasta til 4100 kg sjølv om maksimalt tillat vekt for varebilen var 3500 kg. Førar vart melde til politiet for dette. Køyretøyet måtte lastast om til riktig vekt før vidare køyring.

Ein personbil mangla nærlys og parkeringslys på same side under køyring i mørket. Førar vart meld for dette.

Eit vogntog stoppa ikkje for skilta kontroll. Vogntog og førarar vart innhenta og teke med til kontrollplass. Her viste det seg at førar hadde brot på kvile- og køyretida og vart meld til politiet for begge tilfella.

Eit anna vogntog som frakta ADR-farleg gods fekk køyreforbod grunn manglande dokument under transporten, medan eit anna firma som nytta eit vogntog til godstransport fekk 8000 kroner i bot for manglande bombrikke i køyretøyet.

Vogntog lasta med fisk fekk også køyreforbod på grunn av at det rann fiskevatn frå køyretøyet under bruk.

Eit køyretøy fekk teknisk mangel grunna at det mangla skilt. Førar hadde skiltet inni køyretøyet då festet til skiltet hadde losna.

Eit utanlandsk vogntog fekk køyreforbod på grunn av manglande dokument under transport, førar fekk trafikkgebyr for dette, medan eit anna vogntog som var lasta med diverse betong-kummar og ein båt fekk køyreforbod då lasta var over dei lovlege lastemeterane.

Eit køyretøy i eit vogntog var attrådd avregistrert grunna ein teknisk mangel som ikkje var ordna opp i. Førarar måtte fikse opp i den tekniske mangelen for ikkje å mista skilta under kontrollen. Førar fekk ordna opp med litt hjelp frå andre.

Artikkeltags