Mykje - også lokal krim og mange barnebøker i bokbyen

Bokbyen i Fjærland har rusta seg til den store feriemånaden.

Publisert 07.07.2019 kl. 09.31. Oppdatert kl. 09.32.

Pallar

Fleire pallar med bøker er sette på plass i hyllene berre dei siste fjorten dagane, fordelt på i alt sju butikkar og kaféar, fortel ein entusiastisk, dagleg leiar i bokbyen, Marianne Supphellen i ei pressemelding.



Omsette


Nye jakt- og fiskebøker er på plass, kokebøker, sportsbøker, filosofi og sosiologi for å nemna noko. Det same gjeld barnebøker og romanar for vaksne.

- Me vil særleg trekkja fram det store utvalet av krim- og annan romanlitteratur for vaksne og barnebøker, seier  Supphellen. Ho legg til at det gjeld både norske og omsette klassikarar og dei siste åras bestseljarar.


Fantasy

- Me har barnebøker for dei minste og til ungdommar som likar fantasy og annan spennande litteratur. Dette er bøker som passar ekstra fint i ei ferietid. Den eine av butikkane har fått inn mykje moderne barnelitteratur på nynorsk, opplyser Supphellen.

Mange av fylket sine eigne forfattarar er også representerte. I tillegg til forfattarar frå tidlegare generasjonar er dagens forfattarar godt synlege i hyllene; krim frå Sogn Avis-journalistane Kai Martin Brekke og Rune Timberlid, romanar og barnebøker frå Marita Liabø, Erna Osland og Herman Starheimseter med fleire, opplyser Supphellen.

Ei nyaktuell bok er den tretti år gamle science-fictionromanen "Knivseggen" av Magnus Helge Torvanger. Hovudtemaet er økologi. Ei nyutgjeving av diktsamlinga til Sigurd Nesdal har og funne vegen til Fjærland, i fleire eksemplar.


Les meir om: Kultur Litteratur Sogndal

Siste saker Gå til framsida