FEKK STIPEND: Karl Seglem og Thea Hjelmeland har fått Thorbjørn Egners Kardemommestipend for sitt musikalske arbeid. (Foto: Christoffer Krook)

Musikarar frå fylket fekk prestisjefylt stipend

Karl Seglem og Thea Hjelmeland er tildelt Thorbjørn Egners Kardemommestipend.

Publisert 05.11.2019 kl. 21.11.

Kardemommestipendet

Kardemommestipendet er ei gåve frå Egner-familien, og givast som ei påskjøning for arbeid som er gjort, og ein stimulans til vidare produksjon av musikk.


Stipendet på kr 100.000 deles som regel på to personar.


I tillegg får stipendmottakarane et diplom teikna av Thorbjørn Egner.

Egner-familien heidrar kvart år komponistar og tekstforfattarar som har utmerkja seg det siste året, gjennom Kardemommestipendet.


I år vart stipenda delt ut under Nopa (Norwegian Society of Composers and Lyricists) sin priskonsert i Oslo.


Karl Seglem og Thea Hjelmeland får begge 50.000 kroner kvar, skriv Nopa i ei pressemelding.


Fornying

Jazzmusikaren, Karl Seglem frå Årdal, vart heidra for si fornying av tradisjonsmusikken og for at han utforskar nye vegar musikalsk.


- Eg er takksam og glad for å ta imot Kardemommestipendet 2019. Eg har vore medlem av NOPA sidan 1986 og det er ekstra inspirerande at stipendet kjem frå kollegaer. Det norske språk og musikken er under press, men eg håpar det også i framtida er plass til litt sjeldne eigenarta fuglar som går nye vegar og utfordrar sjangergrenser og lyttarar med instrumentalmusikk, som er det eg i hovudsak arbeidar med, seier Seglem.


Utforskande

Musikaren Thea Hjelmeland frå Førde, sette også stor pris på å få stipend.


- Eg er så utruleg glad og takksam for denne prisen. Eg kjenner meg heidra, og det er heilt spesielt å få ein slik pris av kollegaer som veit kva arbeid som ligg bak.


Juryen la vekt på at Hjelmeland er utforskande når ho komponerer, og trakterer både ulike instrument og brukar tekstane til å fortelja historier.


- NOPA er ein god organisasjon å vera del av og bli støtta av, så eg er rørt av denne tildelinga. Med dette stipendet får eg moglegheit til å arbeida med nye prosjekt, og det gler eg meg til. No skal eg laga ny musikk og gler meg til dela det med lyttarane.


- Høg kvalitet

I årets jury for Kardemommestipendet sit Askil Holm, Tove Kragset og Torgeir Rebolledo Pedersen.


Blant tidlegare vinnarar finn me mellom anna Jan Eggum, Lillebjørn Nilsen, Silje Halstensen og Kari Bremnes.


Les begge grunngjevingane frå juryen:


Karl Seglem


Årets mottakar av Kardemommestipendet er komponist og utøvar med røter i folkemusikktradisjonen. Han har sterk forankring både nasjonalt og internasjonalt, og har skapt eit helt eige musikkuttrykk i grenselandet mellom jazz, folkemusikk og elektronika.


Karl Seglem nærmar seg 40 albumutgjevingar og 1000 registrerte verk i TONO. Han har sidan tidleg 2000-talet jobba som bandleiar og soloartist. Sentralt i hans lydunivers er hardingfela, og samarbeidet med spelemannen Håkon Høgemo. Han har komponert mange bestillingsverk og står fram i dag som ein komponist, tenorsaxofonist og bukkehornspelar med ei heilt særeiga stemme.


Juryen vektlegg kreativitet og originalitet i mottakarens musikalske virke. Hans omfattande produksjon viser ei evne til å fornya folkemusikktradisjonen også med tanke på utprøving av instrument. Han er ein pioner på sitt felt, og er stadig på jakt etter nye musikalske vegar å utforska. Stipendet skal brukast til ei oppfølging av albumet Nunatak frå 2018.


Thea Hjelmeland


Årets mottakar av Kardemommestipendet er vokalist, multi-instrumentalist, komponist og tekstforfattar. I tillegg til si eiga artistkarriere komponerer ho musikk for teater, film og danseførestillingar. Mottakaren er utforskande i sin musikalitet, trakterer mange ulike instrument og har et godt forteljargrep om tekstene sine, som ho viser både i albumutgjevingar og sceneførestillingar.


Ho har teke imot Spellemannprisen i 2014 og 2018 i kategorien Indie, samt Edvard-prisen i 2015. Ho spenner vidt i sitt musikalske virke, og har jobba aktivt med å turnere og skape gode live-produksjonar av høg kvalitet for ungdom. Stipendet skal brukast til nye soloutgjevingar som er venta i nær framtid.


Les meir om: Kultur Årdal