Gå til sidens hovedinnhold

Museumsstyret vil sikra Sunnfjord Museum

Artikkelen er over 2 år gammel

Ber administrasjonen setja i gang tiltak med ein kostnad på inntil 4 millionar kroner.

«I den seinare tida har det vore ein diskusjon i offentlegheita om Sunnfjord Museum si framtid som har skapt uklarheiter. Styret i Musea i Sogn og Fjordane ønskjer derfor å bidra med ei klargjering», skriv styret i ei pressemelding.

Lukka avvik

I pressemeldinga skriv styret vidare at 30. november 2016 godkjende Arbeidstilsynet ein tiltaksplan utarbeidd av Musea i Sogn og Fjordane og lukka dermed avvika som tilsynet hadde avdekka tidlegare i 2016. Tiltaksplanen hadde ei kostnadsramme på tre millionar kroner.«Nokre av tiltaka er gjennomført, men dei mest kostnadskrevjande tiltaka har stått på vent av ulike årsaker, mellom anna grunna uvissa kring Kløften-prosjektet. Når Kløften-prosjektet no er lagt bort ønskjer styret i Musea i Sogn og Fjordane å få gjennomført denne tiltaksplanen så snart som mogeleg», skriv styret.

Nybygg og ombygging

Styret peikar vidare på at Musea i Sogn og Fjordane lenge har sett behovet for å utvika Sunnfjord Museum som ein god og attraktiv kulturhistorisk formidlingsarena.«Når Kløften ikkje kan realiserast, må me utvikla eit nytt konsept. Dette er eit arbeid som Musea i Sogn og Fjordane vil prioritera høgt, og det er no etablert ei intern prosjektgruppe for eit nytt prosjekt. Denne gruppa er i gang med å kartleggja behova våre. Etter at behovskartlegginga er gjennomført er planen å utvikla eit nytt skisseprosjekt. Det vil ta noko tid å sikra tilstrekkeleg god kvalitet på dette prosjektet», skriv styret.

Styrevedtak

På bakgrunn av dette gjorde styret i Musea i Sogn og Fjordane 10.april følgjande vedtak:«Styret syner til tiltaksplan for sikring av arbeidsmiljøet ved Sunnfjord Museum som Arbeidstilsynet har godkjent i brev datert 30.november 2016. Styret ber administrasjonen setje i verk tiltak i tråd med tiltaksplanen og godkjenner ei kostnadsramme på inntil tre millionar kroner. Styret ber vidare administrasjonen om å prioritere bruk av inntil ein million kroner til utvikling av eit skisseprosjekt for nybygg og ombygging ved Sunnfjord Museum i tråd med behovskartlegging.Styret føreset at administrasjonen finn finansiering til desse to tiltaka ved å omdisponera stiftinga sine eigne midlar. Styret ber administrasjonen førebu ein kvalitetssikra søknad om kommunale og fylkeskommunale investeringsmidlar i løpet av 2019.»

Kommentarer til denne saken