BOT: Ein sjåfør måtte ut med 20.000 kroner for overlast etter ein kontroll i indre Sogn toesdag kveld. (Foto: Arkiv)

Måtte ut med 20.000 kroner for overlast

Ein bilførar måtte ut med 20.000 kroner for overlast etter ein kontroll gjennomført av Statens vegvesen torsdag kveld.

Publisert 15.12.2017 kl. 06.15.

Totaltvekta på vogntoget var langt høgare enn det som var tillete, opplyser Statens vegvesen.

Kontrollane som vart gjennomførte i går kveld, skjedde i  Gudvangen, Flåm og Aurland, samt Håbakken kontrollstasjon i Lærdal
 Statens vegvesen tok inn 45 køyrety, der 15 vart utsette for ein nærare kontroll.


Manglar

To av køyretøya hadde sriftlege manglar, tre fekk i tillegg bruksforbod. Ein sjåfør fekk også gebyr for manglande vognkort.
Ein sjåfør vart meld for brot på  køyre- og kviletida. Dette galdt manglande døgnkvile. Sjåføren hadde 5 timar 40 minutt døgnkvile, der kravet er minimum 9 timar.