Møter Lyn i første runde, medan sesongens første lokaloppgjer kjem helga etter

TERMINLISTA ER KLAR: Årdal FK møter Lyn i Oslo i første serierunde 8. august.

TERMINLISTA ER KLAR: Årdal FK møter Lyn i Oslo i første serierunde 8. august. Foto:

Måndag vart terminlista til 3. divisjon trekt.

DEL

I første runde laurdag 8. august skal Årdal reisa til Oslo for å møta Lyn, medan Fjøra reiser til Stord. Sogndal 2 opnar med heimekamp når Lysekloster kjem på besøk.

I andre runde, som blir spelt helga etter, kjem sesongens første lokaloppgjer mellom Årdal og Sogndal 2 på Jotun stadion, medan Fjøra får besøk av Brann sine nest beste.

I runde fem får Fjøra heimebanefordel når Årdal kjem på besøk i neste lokaloppgjer. Fjøra og Sogndal 2 møtest i runde 10, den 10. oktober.

Sesongen blir avslutta etter runde 13, som blir spelt 31. oktober. Då kan årdølene gleda seg til ein ny kamp mot Frigg. I 1965 møttest Jotun og Frigg i cupen, først på Ullevål i ein kamp som enda 1–1 og på Jotun stadion helga etter, der årdølene tapte 2–1.

Trykk på denne lenkja for å sjå terminlista.

Artikkeltags