Morgonrode spelar til vanleg på dei store folkemusikkscenene og festivalane i Noreg – No kjem dei til eit lite lokale i Sogn

VITJING: Bandet Morgonrode kjem på vitjing i Prestagarden i Luster. Bandet består av Selma French Bolstad på nøkkelharpe, hardingfele og vokal, Helga Myhr på hardingfele og vokal, Rasmus Kjorstad på oktavfele og vokal, Fredrik Luhr Dietrichsson på kontrabass og Andreas Winther på trommer og perkusjon. 

VITJING: Bandet Morgonrode kjem på vitjing i Prestagarden i Luster. Bandet består av Selma French Bolstad på nøkkelharpe, hardingfele og vokal, Helga Myhr på hardingfele og vokal, Rasmus Kjorstad på oktavfele og vokal, Fredrik Luhr Dietrichsson på kontrabass og Andreas Winther på trommer og perkusjon.  Foto:

Onsdag vert folkemusikkbandet å høyra i Prestegarden i Luster. Dei små stovene vert ein heilt annleis arena for folkemusikkbandet.

DEL

– Dei har eit rått og ærleg uttrykk, og eksperimenterer med tradisjoenll og improvisert musikk, seier vert Dagfinn Hovland.

Bandet har spelt saman sidan 2015, og då mest på fleire av dei store folkemusikkscenene i landet. I 2019 kom debutplata.

Drivande og utforskande

– Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner frå springarar og gangarar til salmar, viser og bånsullar. Eit fritt og oppriktig uttrykk viser Morgonrode sin kreative måte å lage folkemusikk på, der målet er at musikken veks og utfoldar seg fritt i nye himmelretninga, noko som også har resultert i nominasjon til Spelemannsprisen i år.

Dei tek alle triksa i boka i bruk, når strykekvartettar, tradisjonelle slåttespel, vare folketonar og klangbaserte improvisasjonar smeltar saman til det som berre kan kallast Morgonrodersk.

Fot både i fortid og framtid

Ifølgje pressemeldinga er det musikk du har gått og venta på utan å eigentleg vita det, og når du fyrst høyrer Morgonrode så fell bitane på plass. Med ein fot i fortida og den andre i framtida dannast ei inspirerande og spektakulær oppleving av notida.

Dagfinn Hovland i Prestegarden i Luster lovar ein energifull kveld i dei staselege stovene, og inviterer folk i indre Sogn til ein uforgløymeleg onsdagskveld.

Artikkeltags