Gå til sidens hovedinnhold

Moped mangla lys og bråka for mykje

Statens vegvesen gjennomførte kontroll i Vik og Sogndal torsdag.

I Vik stogga dei ein moped, og denne viste seg å mangla diverse lys og den støya for mykje. Det resulterte i bruksforbod og tekniske manglar, og føraren fekk dessutan gebyr for å ikkje ha med seg vognkortet.

Ein førar av ein varebil med tilhengar ble meld til politiet for ikkje å ha førarrett for den køyretøykombinasjonen han køyrde. I tillegg fekk førar eit trafikkgebyr for manglande vognkort og tekniske manglar på lys på tilhengar.

Ein førar fekk trafikkgebyr for ikkje å nytta bilbelte under køyring.

Det vart skrive ut 11 manglar på lys.

Kommentarer til denne saken