NY REDAKTØR: Ylva Torilsdotter Tyssing er ny barnebokredaktør i Skald. (Foto: pressefoto)

Monstersatsing på barnebøker : - Veldig stas å ta over stafettpinnen

Skald forlag vil blåsa nytt liv i den norske barnelitteraturen med ny redaktør.

Publisert 13.06.2019 kl. 07.15. Oppdatert kl. 07.21.

Ylva Torilsdotter Yssing gler seg til å ta fat på jobben som ny redaktør for barnebøkene i Skald.
- Heilt sidan eg byrja i Skald har eg vore begeistra for barnebøkene, så å få ta over den stafettpinnen er veldig stas, seier ho i ei pressemelding.


Tøft å vera tre

Ylva Tyssing startar opp no i juni med å utvida ein av dei mest etterspurde seriane for dei minste med «Monsterknipe» og «Monsterbesøk», to nye bøker i serien om favorittmonstera til mange born.

Heilt sidan Storemonster og Veslemonster byrja å stikka dei bustete hovuda sine fram i 2011, har forteljngane vore populære i mange barnehagar. No får dei to selskap av eit tredje monster, Raggmonsteret.
Der vil nok dei fleste små kunne kjenna seg att i at det ikkje alltid er så lett å vera tre.


Full liste

Dei minste lesarane kan også gle seg til neste år, for då vert det full barnebokliste igjen, utan at den nyslegne redaktøren vil avsløra så alt for mykje heilt enda.

- Men det blir eit spanande år. Me jobbar med ei bok om småkryp til dei minste, røpar ho, som også visst nok er ganske oppteken av alt ein kan vita om det å mista dei første tennene...