Mistenkjer at 17-åring køyrde i fylla

DEL

Like før klokka 02.30 natt til fredag fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete.

Ein politipatrulje la seg på hjul og stoppa eit køyretøy ved E39 på Vassenden i Sunnfjord kommune.

Sjåføren synte seg å vera ein gut på 17 år.

Han hadde ikkje førarkort, og i tillegg mistenkte politiet at tenåringen var påverka av alkohol.

17-åringen blei teken med til legevakt for blodprøve, melder politiet på Twitter.

Artikkeltags