Han tok tøffe løp, men det siste kunne han ikkje vinne. Rune Haugland døydde 29. desember og vart gravlagd frå Spjelkavik kyrkje 12. januar. Han var frå Dale, som meg, og vi begynte i same klasse på Dingemoen skule i 1958.

Som ein beskjeden kar frå Rakneberg var det ikkje berre enkelt for underteikna å møte dei mykje meir framfusne karane frå Dale sentrum, men Rune kjende eg meg alltid trygg på - smilande, hyggeleg, hjelpsam og lett å prate med. Slik eg opplevde han også seinare i livet.

Etter ungdomsskulen møttest vi berre sporadisk og tilfeldig, men alltid vart det ei rask oppfrisking av stoda i livet før andre tema stal tida vår. Spesielt mimra vi om ein løpsduell over tre kilometer i ein gymnastikktime på ungdomsskulen i 1966.

I september 2013 kom Rune i lag med forretningskollegaer innom Firdahuset i Førde som var til sals og dei vurderte å kjøpe. Då han stoppa ved kontorpulten min for ein prat, såg eg at noko hadde endra seg. – Eg har fått Parkinson, forklarte han.

Sjølv med ein slik nådelaus sjukdom var han optimistisk og full av pågangsmot. Også der ved pulten min kom vi inn på løpsduellen vår, og det enda med at vi avtalte å dra til Dale i løpet av sommaren og gå den 3 km lange løypa i reprise. Det gjorde vi knapt tre månader steinare, med Firda-fotograf Bent Are Iversen på slep. Med våre felles minne og Rune sin galgenhumor, replikkstyrke, forteljarglede og lokalkunnskap om sentrum og løypa vi gjekk, vart turen ei god oppleving. Og hovudreportasjen i Firda sitt julenummer dette året.

Rune visste seg tidleg som eit stort fotballtalent, i motsetning til underteikna. Eg trur eg var heldig som fekk han som kontrollør då det galdt å trikse 15 gonger for å oppnå dugleiksmerket Bronseballen. Han smilte litt lurt der han godkjende mi lite imponerande ballbehandling.

Sjølv vart han ein sentral fotballspelar med til saman 200 kampar for Dale og Sogndal. Han debuterte for Dale som 16-åring, og som spiss var han toppscorar i åra 1969-74. For Sogndal spelte han først som back og seinare som midtstoppar, sjølv om han i den posisjonen eigentleg ruva for lite i høgda. Men han hadde tempo og plasseringsevne.

Som lærar i økonomi og marknadsføring ved den vidaregåande skulen i Sogndal, sakna han spenninga han hadde funne i fotballen. Han tok spranget til næringslivet og starta Data-in-vest i Førde i lag med svogeren Jostein Sylta og Even Lægreid. I 1989 flytta han til Ålesund og fekk til saman 30 vellukka år i næringslivet, hovudsakleg innan IT og eigedom.

I 2010 vart diagnosen Parkinson stilt. Eit sjokk, sjølvsagt, men Rune hadde sterk kampvilje, konkurranseinstinkt og ein familie og vennekrins som stilte opp. Han visste kva veg det bar, men innstilte seg på å ta ein dag om gongen og finne glede i den.

Sjølv har eg berre gode kjensler og opplevingar frå skuleåra i lag med Rune og dei altfor sjeldne møta vi fekk i vaksen alder som følgje av tid og avstandar. Eitt av dei var då vi drog til Sogndal i lag for å sjå favorittlaget hans i kamp på Fosshaugane. Spesielt vil eg minnast idrettsgleda og det vinnande smilet hans.

Minneordet vart først publisert på Sigurd Løseth si Facebook-side, og vi gjengir det med løyve frå han.