Klokka 17:16 melde Vegtrafikksentralen om at det hadde gått eit mindre snøras ved Skjelingavatnet på Vikafjellet.

– Brøytebil er på veg og reknar med å vera der om 30 minutt. Skal etter meldingane vera fort gjort å få rydda, skriv dei på Twitter.

Fjellovergangen vart òg stengd tidlegare på dagen, på same plassen og av same grunn. Det tok då ein dryg time før vegen vart opna att.

Klokka 18:06 melder Vegtrafikksentralen at vegen er rydda og open att for trafikk.