Sjølv med stadig mindre smitte, oppmodar framleis Luster kommune innbyggjarane til ekstra aktsemd i tida som kjem.

– Me vil og framleis oppmoda om dugnad i form av frivillig smittekarantene for eventuelle nærkontaktar – uansett vaksinasjonsstatus. Vår oppleving er at dette er eit nødvendig supplement til dei eksisterande nasjonale tilrådingane, skriv vikarierande kommuneoverlege Morten Larsen i ei tekstmelding til Sogn Avis laurdag.

Kommunen har òg opna koronatelefonen, og gitt folk høve til å testa seg i løpet av helga.

– Ha låg terskel for rask koronatest, ikkje reis på fest i kveld om mogleg, oppfør deg likt uansett om du er vaksinert eller ikkje, er oppmodinga frå Larsen.