SNØBYGER: Frå E16 Filefjell tysdag morgon. (Webkamera: Statens vegvesen)

Mildt og snøbyger på fjellovergangane, og uvêr stengjer Sognefjellet

Publisert 03.12.2019 kl. 06.36.

Slik er forholda på fjellovergangane til og frå Sogn tysdag morgon.


E16 Filefjell
Snø- og isdekke. Klokka 06.00 var det -1 grad, lett bris og snø.

Riksveg 13 Vikafjellet
Snø- og isdekke. Klokka 05.45 var det -1 grad, frisk bris og snøbyger.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet
Snø- og isdekke. Klokka 05.38 var det -1 grad, svak vind og lette snøbyger.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland
Snø- og isdekke. Klokka 06:00 var det 1 grad, stiv kuling og snø.

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal
Snø- og isdekke. Klokka 05.30 var det -5 grader, laber bris og snøbyger.

Fylkesveg 55 Sognefjellet
Stengt på grunn av uvêr.


Les meir om: Nyhende Trafikk