– Det er nesten flautt, no før turistsesongen og alt, kommenterte Kari Lise Svedal.
I helga skreiv Sogn Avis om kryssfiner-platene på Osenbrui som har levd eit hardt liv og var i ferd med å takka for seg.
Om nokon var uheldige når dei bevega seg over, kunne dei koma til å slå seg, påpeika Svedal.
Då lova Tage Richard Sundell i Sogndal kommune at hjelpa var nær. Over helga skulle det koma ei løysing. Og ganske riktig. Nye lok er å plass, som mellombels løysing.
– Rustfrie lok er no skrudde fast. Me må få laga nye lok som skal graverast før montering og har bestilt oppdraget. Me reknar med at dette er permanent på plass før ferien, kan Sundell fortelja.