I GANG: Dei første dyra vart merkte av personell frå Statens naturoppsyn (SNO) onsdag denne veka. Veterinær Tord Lien i grøn dress, Roy Andersen i Norsk inistitutt for naturforsking (NINA) i kvit. (Foto: Petter Braaten, SNO)

Merker villrein i Nordfjella med GPS

Miljødirektoratet har bestemt at inntil 15 villrein i Nordfjellaormådet skal utstyrast med GPS-sendarar denne vinteren.

Publisert 11.01.2019 kl. 13.14. Oppdatert kl. 15.07.

Målet er å skaffa kunnskap om kvar reinen oppheld seg, noko som er naudsynt for å hindra dyr i å trekkja inn i område der skrantesjuke er påvist.

Sist vinter vart meir enn 1400 villrein skotne i Nordfjella sone 1. Området skal haldast fritt for villrein i minst fem år før det kan friskmeldast og villreinstammen kan byggjast oppatt.


Tek prøvar

I sone 2, som er Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud, er det ikkje påvist skrantesjuke.


Mellom dei to sonene er det bygd gjerder og sett inn andre tiltak for å halda dyr ute av sjukdomssona. Arbeidet er allereie starta og vert utført av Statens Naturoppsyn, som samstundes tek blod-og lymfeprøvar av dyra for vidare testing, opplyser direktør Morten Kjørstad i SNO i ei pressemelding.


Merkinga vil skje så raskt det let seg gjera og seinast innan 20.april.


Viktig kunnskap

- Dei fire første dyra vart merkte 9.januar. Arbeidet skker i sone 2, i Raudafjell og mellom Bergensbanen og riksveg 7, som er område dyra frå sone 2 ofte brkuar.


Merkinga vil gje oss kunnskap om korleis villreinen bevegar seg, slik at me kan prøva å hindra at dei trekkjer inn i sjukdomssona, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.