– Me kom ned hit søndag og då var her ein buss frå Karmøy som ikkje fekk med alle dei skulle. Så då fylte me opp minibussen vår og køyrde dei dit dei skulle ta båt vidare. Før me snudde attende for å henta fleire. Sånn om lag 80 mil tur-retur.

Merete Skjold driv køyreskulen 1-2-3-Opplæring i Sogndal og Førde. No er ho ute av jobben som køyrelærar i ein periode og fekk difor ledig tid i kalenderen.

– Eg skulle eigentleg berre ein tur til Bergen i helga som var, men så tenkte eg; nei, eg skal ikkje til Bergen, eg skal til Polen, fortel Merete og legg ikkje skjul på at ho kan vera litt impulsiv av seg.



Mann og minibuss

Dermed skifta ho ut personbilen med minibuss, plukka opp mannen Jan Børge Kalhovde og sette kursen mot Polen.

– No reiser me, sa eg, og så sette me oss i bilen og køyrde nedover på natta.

At krig og bombing er så nær at ein faktisk berre kan setja seg i bilen og køyra av garde slik, er nesten ikkje til å fatta for Merete.

– Eg har eit stort hus på Holsen i Førde, først og fremst tenkt til bruk for køyreelevar som bur ute i periferien og som kan ha behov for overnatting når dei på opplæring. Der er det god plass, så då veit eg også at me har husrom til dei om dei vel å vera med heim til oss.

Dermed gjorde Merete det som sikkert mange andre berre tenkjer og snakkar om. Ho fann sin konkrete måte der ho kunne vera med å gjera ein skilnad.

– Eg berre tenkte at eg måtte gjera noko, tenk for ein fortvilande situasjon desse folka er i. Heimen deira vert bomba, det er rett og slett terror.

Denne videoen er ein av dei i bussen som filma før dei flykta.

Trøytte og slitne

Det dei to visste var at det var ein lang veg å køyra, men med to sjåførar kunne dei byta på jobben bak rattet.

Kva som ville møta dei på grensa hadde dei berre sett gjennom bilete og tv-reportasjar, at det var mange desperate menneske som trengde hjelp til å koma seg vidare.

– Dei første fekk me i bussen nesten med det same, og det var sterkt. Det var ungar i alle aldrar, ein baby og den eldste på 17 år. Det var uføre, gamle, ein tannlege, ein som jobba på bensinstasjon. Og dei hadde kanskje alt dei eigde i ein plastpose. Det var alt dei hadde fått med seg. Noko vogn var det ikkje til babyen, dei einaste mamma hadde med var ein smokk. Det er ilt rett og slett å sjå!

Gleda av varme

Gleda og takksemd over ein varm buss og eit varmt teppe, kan ikkje Merete skildra med ord.

– Ansiktet deira ser ut som dei ikkje heilt trur det dei no opplever, at dei skal få vera med denne bussen vidare. Fleire av dei hadde vore ute om natta i minusgrader, det einaste dei hadde å varma seg på var nokre gassbrennarar. Slike som me sit under når me er ute på restaurant ein sommarkveld.

Etter at Merete og Jan Børge hadde sett av den første flokken slik at dei kunne ta båten vidare, returnerte dei til grensa for å henta ein ny gjeng.

Då Sogn Avis snakkar med ho seint torsdag kveld hadde dei på nytt fått full buss og starta den lange vegen til Gedynja der dei skal ta båten til Karlskrona i Sverige før dei bussar seg vidare til Noreg. Om alt går etter planen, kjem dei med båten som går fredag kveld.

Fattige utan pass

Dei aller fleste av dei som flyktar er fattige som ikkje har pass, dette er ikkje dei som vanlegvis reiser ut av landet på ferie.

– Me tek dei med til Råde, der det er nasjonalt ankomstsenter, for registrering. Vil dei vera med oss vidare så får dei sjølvsagt det. Eg er i dialog med Sunnfjord kommune og har tak over hovudet til alle, dersom dei vil bu der also, fortel Merete.

Og skulle det bli behov for fleire turar, så stussar ho ikkje på å køyra av garde igjen. Sjølv om det medfører store kostnader både til drivstoff til bussen og ferje, lugarar og mat til flyktningane.

– Det er klart det kostar. Me tek gjerne i mot sponsing på Vipps om nokon vil hjelpa til.