Melvær seier nei – Sæle seier ja

VAL: Frida Melvær og Lise-May Sæle (t.v.) jubla for stortingsplass under valvaka i 2017. No blir Sæle med vidare, medan Melvær seier nei til nominasjon.

VAL: Frida Melvær og Lise-May Sæle (t.v.) jubla for stortingsplass under valvaka i 2017. No blir Sæle med vidare, medan Melvær seier nei til nominasjon. Foto:

Stortingsrepresentant Frida Melvær stiller seg ikkje disponibel for renominasjon i Høgre.

DEL

Det melder nominasjonskomiteen for Sogn og Fjordane Høgre. Melvær har mange år med politisk arbeid bak som ordførar, varaordførar og fire år på Stortinget.

– Høgre i Sogn og Fjordane er svært takksame for det store arbeidet Frida har lagt ned i sine ulike politiske roller og gler oss over at ho framleis skal fylla stortingsrepresentantrolla i eit og eit halvt år, heiter det i ei pressemelding.

I gang

Nominasjonskomiteen jobbar no med å få fram kandidatforslag som skal enda opp i ei valliste samansett av personar frå heile det gamle Sogn og Fjordane. Av dei som stod på lista sist, har blant anna Olve Grotle, Sunnfjord, Arnt Olav Munthe, Sogndal, og Kari Vikane sagt nei til å stå på lista. Lise-May Sæle, Sogndal, har sagt ja til å vera kandidat.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken