POLITIMELD: Ein ukrainsk sjåfør i litauisk vogntog vart meld til politiet for transport av farlig gods utan å ha gyldig kompetansebevis. (Arkivfoto)

Meld for transport av farleg gods

Ein ukrainsk sjåfør i litauisk vogntog vart meld til politiet for transport av farlig gods utan å ha gyldig kompetansebevis for frakting av farlig gods.

Publisert 10.10.2018 kl. 06.51.

Det var Statens vegvesen som gjennomførte kontroll av tunge køyretøy ved Håbakken kontrollstasjon tysdag kveld og natt til onsdag.


Transportfirmaet til det litauiske vogntoget vart også meld til politiet for manglande merking av køyretøya. I tillegg var det ikkje med naudsynt utstyr for transport av farlig gods.


Sjåføren fekk ikkje køyra vidare før det farlige godset var lossa eller ein annan sjåfør med kompetanse overtek vogntoget når det er merka og utstyret er på plass.


Overlast

Elles vart ein sjåfør i vogntog med dispensasjon på vekt og breidde frå Austerriket stoppa med overlast. Firmaet fekk eit overlastgebyr på  16.400 kroner,  som må betalast på staden. Vekta må også vera rett i høve til til dispensasjon før vidare køyring.


44 køyretøy var innnom kontrollplassen for kontroll av vekt og dekkutrustning. Av desse vart 10 køyretøy plukka ut til utvida kontroll.