Meld for å ha med passasjerar ulovleg
Torsdag kontrollerte Vegvesenet 14 køyretøy på Håbakken kontrollstasjon.
Dei fann fleire brot på køyre- og kviletidsreglane.
Ein førar med tre alvorlege brot
Ein førar vart meldt til politiet for å berre ha kvilt 4,28 timar i løpet av ein 24-timars periode. I same sak vert føretaket meldt til politiet for å ikkje ha følgt opp ansvaret sitt for føraren.
Ein førar valde å ikkje svinga inn til kontroll. Han vart henta tilbake til kontrollplass. Førar vert meldt til politiet for å ikkje koma inn til skilta kontroll. Kontrollen synte at føraren hadde tre alvorlege brot på køyre og kviletidsreglane. I det mest alvorlege brotet hadde førar ein lengste samanhengande kvile på 1,38 timar i løpet av ein periode på 34,5 timar. Førar har i periodar teke kvile i køyretøyet medan ein annan førar har køyrt. Dette vert ikkje rekna som godkjent kvile.
Måtte fjerna gjenstandar i frontruta
Eit føretak vert meldt til politiet for å driva med persontransport utan å ha godkjent kalibrering av fartsskrivar i køyretøyet. Det var og ein del køyring utan kort i fartsskrivar.
Eit køyretøy hadde teknisk mangel på bremsane.
Ein førar måtte fjerna sikthindrande gjenstandar i frontruta før han fekk køyra vidare.
Kommentarer til denne saken